Storlidals-albumet

Send inn dine egne bilder fra Storlidalen og få dem vist fram i albumet vårt.

Kronikk: Korleis skulle det vere om den som er flink blir nekta skulegang fordi han likevel greier seg sjølv? 

 

Der dugnadsanda ikkje døyr

 

Publisert: 12. januar 2012

Skrevet av: Amund Grimstad

 

(23. desember 2011:) Det er jul, og for meg er det nesten synonymt med årets første skitur. Storlidalen ligg kvit og klår for julefeiring, og for skigåing i godt preparerte løyper. Slik er det diverre ikkje alle stader.

 

I «Norges vakraste seterdal» nyttar fire grunneigarar den private eigedomsretten til overkøyring av folkemeininga medan kommunen og ordføraren sit tafatte og ser på. Det er trist, og ganske unødvendig. Berre ei snau mil unna er det eit heilt anna regime som gjeld. På Lønset og i Storlidalen har noko så umoderne som samkjensle og dugnadsand klort seg fast og overvintra, eit utrendy fossil frå attreisinga på 50-talet og den utskjelte Gerhardsengenerasjonen.

 

Medan ukritisk maktbruk, sjølvtekt og demonstrasjonspolitikk frå eit ørlite mindretal rår i den eine dalen, har nabodalen tatt julebodskapen på alvor og forstått at nestekjærleik handlar om å hjelpe kvarandre og å stå saman. Det heiter seg at gir du Lønsetbyggen materialar, så ordnar han resten sjølv. Eldsjeler, 4H og idrettslag er drivkrefter som fekk reist første ballbingen i Oppdal, restaurert bruer, sikra at skulen får bestå og meir til. Til og med postnummeret og butikken har overlevd! Så sjølvstyrt og oppegåande er denne vesle utkanten i Oppdal at ein kanskje seriøst burde vurdere lausriving og oppretting av eigen kommune?

 

Og anda frå Lønset smittar. Storlidalen er etter kvart blitt eit særs populært hytteområde, og slikt medfører ofte konfliktar. Eg skal ikkje påstå at alt er berre idyll i dalen eg er blitt så glad i, men samanlikna med kva ein opplever andre stader, er Storlidalen reine paradiset. Ei særs oppegåande hytteforeining med ei uvanleg bra og informativ heimeside (www.storlidalen.no) har gjennom år samarbeidd godt med grunneigarane. Medan hytteeigarar andre stader i kommunen dannar sutreforeining fordi ein må betale litt til fellesskapen for å oppretthalde sosiale tenester som til dømes god akuttmedisin, har hyttefolket i Storlidalen forstått at samarbeid og fellesskapsløysingar er mye meir konstruktivt.

 

Dette har mellom anna resultert i eit løypelag som på frivillig basis sørgjer for meir enn fem mil med godt preparerte spor, frå enkle skuterløyper som transportetappar gjennom bjørkelia for dei av oss som vil langt til fjells, til breie trakkemaskintrasear for småbarnsfamiliar med pulk, skøytarar og treningskåte kondomdressfantastar.

 

Då nærast heile landet var fritt for snø og oppkøyrde løyper for eit par år sia, fanst båe delar hjå oss. Det førte til at Marit Bjørgen la romjulstreninga si til Storlidalen. Å køyre opp løyper er sjølvsagt ikkje gratis, og dette arbeidet blir finansiert med midlar frå hytteforeininga, nokre næringslivsbidrag og frivillig støtte frå grunneigarar og øvrige hyttefolk. Og i tillegg ei pinleg låg løyving frå Oppdal kommune. Årleg budsjett for løypelaget er om lag det same som kommunen til nå har nytta berre på å regulere løypetrasé i Gjevilvassdalen!

 

At folk tar fellesskapssaker i eigne hender og ryddar opp der det offentlege sviktar, er flott, og det frivillige Norge er ein hjørnestein i det som har gjort dette landet så godt å bu i. Men det bør ikkje vere slik at ein blir straffa for å ordne opp sjølv. På heimesida til Oppdal kommune finn vi kart over det kommunale turløypenettet. Det ser om lag slik ut som Norgeskartet til urbanistane i Oslo, eller verda slik ho ser ut frå Brussel! Rundt 80 % av kommunen er ikkje med. Alt sør for Auna og vest for Gjevilvasshytta er borte! Og kvifor? Fordi det ikkje er løyper der? Nei, - for det er oppkøyrde løyper både frå Kongsvold, på Lønset og i Storlidalen, og truleg er dei om lag like omfattande som det kommunale nettet. Både då kommuneplanen nettopp blei revidert, og ved fleire andre høve, er det freista å få Oppdal kommune til å få alle løypene til å bli del av det offentlege stamløypenettet.

 

Men forsøka fell på steingrunn. Kommunens ansvar er sjølvsagt å sørgje for alle i heile kommunen. Korleis skulle det vere om den som er flink blir nekta skulegang fordi han likevel greier seg sjølv? Det er rett og slett skammeleg at kommunen ikkje ser at Oppdal er meir enn Fagerhaug, Auna og Gjevilvassdalen. Mens vi ventar på at politikarar og administrasjon tar til fornufta, får vi berre erkjenne at det inntil vidare ikkje var rom for oss i herberget, -  for å nytte ein metafor som skulle passe for denne tida. Med desse orda ønsker eg lesarane god jul, og om du skulle finne skiløypa di øydelagd av ein traktor, skal du vite at du er hjarteleg velkomen til oss i Storlidalen.

 

Denne kronikken ble publisert i avisen OPP 23. desember 2011. Artikkelforfatteren, Amund Grimstad, er fast skribent i OPP. Til daglig er artikkelforfatteren arkitekt og bosatt i Trondheim, men han har vært hytteeier i Storlidalen i mange år. Kronikken gjengis her hos Storlidalen.no med tillatelse fra artikkelforfatteren.