God radiopåske (for siste gong?)

DAB+ dekningskart Storlidalen
DEKNING: Kartet fra Radio.no er ikke oppløftende for dem som ønsker å høre DAB+-radio i Storlidalen. (Ill.: Radio.no + Pixaby.com)

KOMMENTAR: Påska står for døra, og ho er sjølvsagt først og fremst lange turar i snørike fjell, solbading i snøfonner og mye uteliv. Men ho er også appelsin, smågodt og radiolytting i hytteveggen. Det siste er snart ein saga blott.

For mange av oss blir dette den siste påska det er mogeleg å høyre vêrmelding og andre viktige radiosendingar. Den 8. februar 2017 blir FM-nettet sløkt i Trøndelag, og då er det DAB+ som gjeld. Men diverre ikkje for alle.

Styresmaktene har bestemt at dekninga skal vere 99,5 % av landet, og det påstår ein er det same kravet som galdt for FM. Men det er ikkje rett. FM-nettet dekte 99,5 % av landarealet, medan DAB-nettet dekker 99,5 % av befolkninga. Med eit grisgrendt land som vårt, tyder det at langt fleire enn før nå blir utan radio.

For å vere konkret og lokal; DAB-nettet er nå ferdig utbygd, og på nettstaden radio.no/dekning/ kan du sjå dekningskartet. Storlidalen har til dømes dekning berre omlag inn til Landløpet. Dalsvatnet, Ångardsvatnet og Storligrenda blir dermed utan radiodekning.

For Skarvatnet, halve Gjevilvatnet, heile Nerskogen og Granasjøen, og heile Åmotsdalen blir det like eins. Og sjølvsagt også for det aller meste av fjellheimen. I desse områda vil det til neste år ikkje vere mogeleg å høyre radio anna enn via mobil (som også har dårleg dekning) eller breiband (som har endå dårlegare dekning).

Spørsmål om liv eller død

Vi skal vel alltids greie å unnvere «Påskelabyrinten» med Viggo Valle, men vêrmeldinga kan vere eit spørsmål om liv eller død i fjellheimen. Påskeberedskapen blir til neste år sett mange år attende. Og det gjeld for så vidt også den øvrige beredskapen. Då ekstremvêret «Dagmar» herja for fem år sia, var både elforsyninga og internett nede. Då var den gamle FM-radioen med batteri einaste brukbare middel styresmaktene hadde for rask kommunikasjon med befolkninga.  «Viktig melding, lytt på radio» blir for mange meiningslaust etter dette.

På fleire av fjellovergangane vil det ikkje vere mogeleg å få inn trafikkmeldingar på bilradioen. Og ettersom Norge så langt er einaste land i verda som har bestemt dato for å sløkkje FM-nettet, vil dei fleste utanlandske sjåførar ikkje lenger kunne høyre bilradio.

I januar i år fall mye av DAB-nettet i landet ut, og ingen forstod kvifor. Nå kan Dagens Næringsliv og BBC fortelje at det amerikanske globale posisjoneringssystemet GPS hadde problem, og når DAB-kringkastarane nyttar GPS til synkronisering av signal, slår det også ut på radiosendingane. Den nye teknologien er med andre ord særs sårbar, og dermed også for sabotasje. Og dette skal vere eit framskritt?

Bruk og kast

Dei siste åra har alle blitt meir opptekne av miljø, gjenbruk og at ein ikkje skal drive med «bruk og kast». Når FM-nettet blir sløkt, må 20 millionar fullt brukbare FM-radioar skrotast. Og ein kvart million av første generasjons DAB-radioar går også i søpla, for DAB er alt gravlagd, og nå er det DAB+ som gjeld. I tillegg må vi bruke fleire milliardar på å kjøpe oss nye radioar, som vi altså mange stadar ikkje har glede av.

Når ein veit at land etter land i Europa har gått bort frå DAB-teknologien, sist var det vel Sverige, blir dette heilt uforståeleg. Så vidt eg har forstått skal FM-nettet oppretthaldast nokre få år til slik at nærradioane får tid til å omstille seg.

Om NRK, P4 og Radio Norge går av FM-bandet i 2017, blir nettet oppretthalde ennå ei stund. Då er det framleis tid til å reversere avgjerda. For når det gjeld beredskap, kan det vere nyttig å lytte til fjellvettreglane. Det er inga skam å snu!

GOD RADIOPÅSKE TIL ALLE!

PS: Denne artikkelen sto første gang på trykk i OPP 18. mars 2016. Publisert på Storlidalen.no med tillatelse fra artikkelforfatteren, som er arkitekt og kulturskribent. Amund Grimstad er bosatt i Trondheim, men har hatt hytte i Storlidalen i en årrekke. (Red.)

Nøkkelord: × ×

Comments are closed.